onsdag 31. juli 2013

I FERIEMODUS

No har me vore på ferie dei siste vekene, og herleg har det vore. Me kom heim forrige torsdag og eg må innrømma at feriemodusen framleis er inntakt.

Det heile starta fredag for to og ei halv veke sidan, me stappa det me fekk plass til inn i bilen, og når den var full stappa me inn guttebassen og to kattebur på toppen. Eller inn i dessertmagen som eg vil kalle det, enda kor fullt det er er det jo alltid rom for litt søtt, og om ikkje kattane og guttebass er i overkant søte så veit ikkje eg.


Etter litt feilkjøring fann me endeleg Kalothes Kattepensjonat og fekk avlevert kattane der, men ikkje tru at det vart betre plass i bilen av den grunn, for bura blei med oss vidare og me var vel komen til Halhjem før det gjekk opp for meg at me kunne stable bura inni einannan då dei ikkje var av same storleik.


Litt seinare på kvelden kom me fram til hytta der mamma og pappa venta på oss med god kvelds. Me overnatta her før me satte kursen vidare mot Lillesand tidleg dagen etter, altså laurdag. Klokka tre var me endeleg framme på Kosvik og gjensjånadsgleda var mildt sagt stor. På Kosvik venta to deilige veker med venner, familie, avslapping, båtturar, god mat og mykje glede. Me er heldige :-)


Forrige torsdag satte me kursen heimover att. Gutten har vore så flink og tolmodig i bilen og bilturane gjekk mykje betre enn forventa. Me stoppa på hytta hos mamma og dei denne gongen og, men me valde å ikkje sova over, men heller kome oss heim etter nokre timar der. Dagen etter var det nemleg dags for å hente dei to søte kattane heim fra ferien som dei hadde vore på.


Då me kom ut til katte-pensjonatet satt den eine pusen under ein krakk og såg noko utilpass ut og den andre hadde igrunn ikkje våga seg utanfor "buret" som dei budde i medan dei var der, så noko voldsom suksess var det vel ikkje for deira del. Dei er framleis små så det kan ver det går betre neste gong. Det er iallfall veldig greit at det finns ein stad der kattane kan feriere medan me er vekke og det var veldig triveleg der ute.

Så kom me heim og den svarte pusen er både forkjøla og slit med UVI, igjen. Og no er den stripete pusen og blitt litt forkjøla. Så her går det i penicillin og smertedempande for svartepus, stakkar.




tirsdag 9. juli 2013

SOMMERJOBB

Eg har ansatt to spreke gutar til sommerjobb på huset mitt, betalinga får dei i form av middag og cola. Fin deal synes eg. Igår var dei her og jobba, det var nemleg på tide å prøve og isolere desse røyra på badet vårt. Det gjekk mykje betre enn forventa og dei blei faktisk ferdige i løpet av ein ettermiddag, no er det berre litt maling som gjenstår, men då held det at berre ein av dei kjem.

Så gjenstår det berre å vente på minusgradene og sjå om det hjalp.

Ja, så har eg jo hatt han eine her til å male litt for meg tidlegare og, det blei veldig flott. No er han ferdig med det som skulle bli tatt på framsida av huset, så gjenstår berre gjerdet på baksida.

Og meg og Aksel, me har vore på hytta til mine foreldre nokre dagar no, skikkeleg balsam for sjela og Aksel kosar seg sånn med mormor og besten. Eg skulle gjerne vore der lenger, men pliktene kaller, det er mykje som skal gjerast før me reiser på ferie på fredag :-)





onsdag 3. juli 2013

FERIETID

Sjølv om eg er i permisjon kjenner eg skikkeleg på feriekjensla for tida. Fra mandag til tirsdag denne veka var eg og Aksel ein snarvisitt på hytta til mamma og pappa, me reiste saman med tanta mi og hennar to born, veldig koseleg!

Idag kjem niesa vår på besøk frå Lillesand, det blir kjekt. Ho skal bare vera ei natt her hos oss då, før ho skal vidare. Og på fredag reiser meg og Aksel jammen meg tilbake til Kjekse, altså hytta. Der blir me til mandag, gler oss skikkeleg til nokre late dagar :)

På tirsdag er det ny kontroll på guten, med sprøyter denne gongen, kjenner at eg gruer meg litt, men det går vel bra denne gongen og. Og etter det er det berre nokre få dagar til me vender snuten sørover mot Lillesand. Me tenker å reise herfra på fredagskvelden så overnatter me ei natt hos mamma og pappa før me køyrer vidare på laurdagen, då blir ikkje turen så lang for vetleguten og me kjem fram litt tidligare på dagen. Vinn-vinn :-)

No skal meg og Aksel ut å trille med ei venninne og guten hennar! Så me bloggast :-)