Då var det fredag igjen, favorittdagen. Herleg. :) Sjølv om eg har fri kvar dag, så er det noko spesielt med fredagen altså. Og ikkje kva som helst fredag heller igrunn, denne fredagen er det heile seks år sidan eg og Thomas møtte einannan. Me feirar med ein god biffmiddag <3
Idag var eg på det som forhåpentlegvis var min siste legetime på ei stund. Eg hadde time klokka ti og stod opp halv ni for å sleppe å stresse. Eg har jo lege midt i sentrum så eg tenkte å reise kollektivt idag, slik at eg kunne spasere heim att, hadde sett meg ut ein buss som gjekk halv ti og det passa jo perfekt.
Var på busstoppet ti minutt før bussen skulle gå, og når den endeleg kjem nokre minutt over tida så køyrer den berre rett forbi, er ikkje det typisk? Den var riktignok full, så eg skjønar jo kvifor, men det passa frykteleg dårlig med min legetime. Høggravid som eg er så var det jo ikkje noko alternativ å gå inn heller, sjølv om eg hadde 25 minutt på meg hadde eg aldri rukke det. Så eg måtte berre venta på neste buss å krysse fingrane for at eg ville rekke det.
Neste buss kom og eg gjekk av busstoppet på Møhlenpris fem minutt før legetimen starta, noko som betydde at eg var nødt til å småjogge heile vegen ned til Engensenteret. Har de nokon gong sett ei høggravid dame prøve å jogge? Det må ha vore litt av eit syn. Ikkje nok med at fysikken ikkje er heilt på plass, så kjennes det jo som om babyen er på veg ut for kvar gong foten landar på bakken. Vel framme utanfor kontoret innser eg at det framleis er fire etasjar opp, klokka er ett minutt over ti og eg tør ikkje ta heisen i det bygget. Går så fort eg greier opp trappene og kjem heseblesande inn på kontoret to minutt over ti (heseblesande er ein "understatement", eg høyrtes ut som ein stranda kval på speed).
Eg rakk iallfall timen, og ikkje minst fekk eg meg ei lita treningsøkt etter gammalt, om enn noko ufrivillig. Alt stod iallfall bra til hos både mor og born, og det er jo det som er viktig. Neste kontroll no er hos jordmor på termindagen, den har eg igrunn ikkje tenkt å rekke :)
I mangel på bilete sleng eg på nokre fine som Thomas tok her om dagen :)
Er ikke rart det gikk som det gikk dagen etter....! :-P
SvarSlett