tirsdag 5. februar 2013

HURRA, DET GJEKK!

Igår greide eg ikkje å venta lenger, så eg fekk Thomas til å bera ned vogna vår for å sjekke om den får plass i gongen no. Eg skal innrømme eg hadde mine tvil, men det gjekk faktisk!

Fantastisk!

Så då var ein ting til på plass, ein ting mindre å tenkja på før minsten kjem. Også så enkelt som det var og, og ikkje minst fort gjort. No gjenstår riktignok litt arbeid der før me er klare, me satsar på å få gjort det i løpet av helga som kjem. Litt listing berre, og så det nye golvet. Svart belegg er det me satsar på, det blir nok betre enn det brune belegget som var der fra før :)

Ellers er det ein ny dag i permisjon og eg har ingen planar for dagen, anna enn å bla i ei navnebok som eg har fått låne av ei venninne. Det er kanskje på tide å finne nokre navneforslag etterkvart, det er berre til å komme med tips om de har nokon :) 

Ha ein fortreffeleg dag alle saman! 

Fine vogna! :)

Betre enn dette kan det jo nesten ikkje bli :D 

Her sitt kattane store deler av dagen, spesielt Flushy <3 Dei er så søte! 

Hihi, og sjølvsagt fann dei seg kjapt til rette oppi her og :P Trur dei er litt misunnelege på alle babyen sine ting :P




2 kommentarer:

  1. Så bra:D Hahaha, sjå han sniken då som sitter oppi korga der! Og det morske blikket da!

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, ja, ho får sånt blikk av blitzen :P

      Slett