søndag 24. februar 2013

BESØK

I helga har me hatt besøk av familien til Thomas, veldig kjekt!!:) Dei var jo nødt å komme opp å helse på den nye "unge Ødegård".

I tillegg så har jo sola stått frå skyfri himmel så idag måtte me berre ut å nytte godveret litt. Me fann ut at me ville gå i fjellet, og det einaste fjellet ein kan trilla barnevogn opp er vel Fløien, så då blei det det.

Det var ein fantastisk tur, men mot toppen var det veldig isete og ikkje akkurat noko føre å trilla Aksel på, så det vart banen når me skulle ned. Tanken slo meg ikkje eingong, at det skulle vera snø og is, men me er jo trass alt berre i februar.

No er besøket reist heim igjen, alle utebom svigermor som blir nokre dagar til:)) Imorgon blir det trilletur til sentrum på oss, medan Thomas skal tilbake på jobb. Skal sei dei første to vekene har gått FORT!



torsdag 21. februar 2013

tirsdag 19. februar 2013

VEL HEIME

Å, det er ikkje mykje rom for blogging om dagen, det kjem seg nok når me er komen litt meir på plass. Dagane no går stort sett med til mating, mating, bleieskift og litt meir mating :)

Heldigvis for oss er Aksel ein ganske grei gut, som stort sett berre ligg å pludrar og søv, utenom når han er svolten, då kjem det berømte Aksel-vrælet fram, hihi :)

Idag har me hatt besøk av helsesøster og det gjekk veldig bra, ho var skikkeleg triveleg. Sidan Aksel er så liten blir han fulgt litt ekstra opp på veging og no hadde han gått opp til heile 2860 gram, men det var berre 25 gram opp sidan forrige veging, så me skal på helsestasjonen å vega han igjen på fredag. Her gjeld det berre å stappe han full i mjølk.

No har me planar om å ta oss ein liten trilletur, mor treng litt frisk luft!

Sjå gjerne bort ifra at mor ser litt bleik ut, hehe. :)

fredag 8. februar 2013

TGIF!

Då var det fredag igjen, favorittdagen. Herleg. :) Sjølv om eg har fri kvar dag, så er det noko spesielt med fredagen altså. Og ikkje kva som helst fredag heller igrunn, denne fredagen er det heile seks år sidan eg og Thomas møtte einannan. Me feirar med ein god biffmiddag <3

Idag var eg på det som forhåpentlegvis var min siste legetime på ei stund. Eg hadde time klokka ti og stod opp halv ni for å sleppe å stresse. Eg har jo lege midt i sentrum så eg tenkte å reise kollektivt idag, slik at eg kunne spasere heim att, hadde sett meg ut ein buss som gjekk halv ti og det passa jo perfekt.

Var på busstoppet ti minutt før bussen skulle gå, og når den endeleg kjem nokre minutt over tida så køyrer den berre rett forbi, er ikkje det typisk? Den var riktignok full, så eg skjønar jo kvifor, men det passa frykteleg dårlig med min legetime. Høggravid som eg er så var det jo ikkje noko alternativ å gå inn heller, sjølv om eg hadde 25 minutt på meg hadde eg aldri rukke det. Så eg måtte berre venta på neste buss å krysse fingrane for at eg ville rekke det.

Neste buss kom og eg gjekk av busstoppet på Møhlenpris fem minutt før legetimen starta, noko som betydde at eg var nødt til å småjogge heile vegen ned til Engensenteret. Har de nokon gong sett ei høggravid dame prøve å jogge? Det må ha vore litt av eit syn. Ikkje nok med at fysikken ikkje er heilt på plass, så kjennes det jo som om babyen er på veg ut for kvar gong foten landar på bakken. Vel framme utanfor kontoret innser eg at det framleis er fire etasjar opp, klokka er ett minutt over ti og eg tør ikkje ta heisen i det bygget. Går så fort eg greier opp trappene og kjem heseblesande inn på kontoret to minutt over ti (heseblesande er ein "understatement", eg høyrtes ut som ein stranda kval på speed).

Eg rakk iallfall timen, og ikkje minst fekk eg meg ei lita treningsøkt etter gammalt, om enn noko ufrivillig. Alt stod iallfall bra til hos både mor og born, og det er jo det som er viktig. Neste kontroll no er hos jordmor på termindagen, den har eg igrunn ikkje tenkt å rekke :)

I mangel på bilete sleng eg på nokre fine som Thomas tok her om dagen :)




tirsdag 5. februar 2013

HURRA, DET GJEKK!

Igår greide eg ikkje å venta lenger, så eg fekk Thomas til å bera ned vogna vår for å sjekke om den får plass i gongen no. Eg skal innrømme eg hadde mine tvil, men det gjekk faktisk!

Fantastisk!

Så då var ein ting til på plass, ein ting mindre å tenkja på før minsten kjem. Også så enkelt som det var og, og ikkje minst fort gjort. No gjenstår riktignok litt arbeid der før me er klare, me satsar på å få gjort det i løpet av helga som kjem. Litt listing berre, og så det nye golvet. Svart belegg er det me satsar på, det blir nok betre enn det brune belegget som var der fra før :)

Ellers er det ein ny dag i permisjon og eg har ingen planar for dagen, anna enn å bla i ei navnebok som eg har fått låne av ei venninne. Det er kanskje på tide å finne nokre navneforslag etterkvart, det er berre til å komme med tips om de har nokon :) 

Ha ein fortreffeleg dag alle saman! 

Fine vogna! :)

Betre enn dette kan det jo nesten ikkje bli :D 

Her sitt kattane store deler av dagen, spesielt Flushy <3 Dei er så søte! 

Hihi, og sjølvsagt fann dei seg kjapt til rette oppi her og :P Trur dei er litt misunnelege på alle babyen sine ting :P




mandag 4. februar 2013

38 VEKER

Tida går så fort. Alle seier dei siste vekene av svangerskapet går så treigt, eg er heilt ueinig, synes det går alfor fort. Missforstå meg rett, eg er meir enn klar for at babyen skal komme, men samstundes er det  rart å tenkja på at min første graviditet snart er over. Det er jo så koseleg <3


Men så blir det sikkert vel så koseleg å faktisk ha babyen vår utanfor magen også då, og eg gler meg vilt mykje til å finna ut kven det er. Om den liknar på meg eller på Thomas, eller kanskje begge?

Uansett, alt er gjort klart her heime no. Alle klede, sengetøy og tepper er vaska, fødselsbagen er sånn nokolunde pakka og barselsbollene er baka. Litt godt og vera ferdig med det, så kan eg berre kose meg og vente.


Grått, kvitt og beige er fargar som går igjen :)

Kjekkaste klesvasken er har gjort nokon gong <3 

lørdag 2. februar 2013

BARSELSBOLLER

Litt må ein gjera kvar dag og idag har eg nytta dagen til å baka barselsboller. Boller som eg kan dra fram frå frysen når folk kjem på barselsbesøk.

Det er faktisk fyrste gongen eg har baka noko som helst som ikkje var 1-2-3, eller i regi av mamma. Det skal seiast at eg ringte mamma nokre gonger undervegs, men eg gjorde alt heilt sjølv. Og ikkje nok med det, men nesten alle bollene såg ut som boller og! Det var sjølvsagt nokre av kanelsvingane som vart sjåande litt rare ut, men dei får Thomas få då, han klagar ikkje på det :)

Det er berre til å gleda seg til å komme og helse på babyen, her ventar gode boller :)


Ellers har det vore ein slapp laurdag her i Nygjerdet, men det er slik det skal vera. Me må nyta freden medan den er her, snart får me nok å gjera. Hihi. Thomas har fått gjort litt i gongen då, og eg har vaska litt klede i tillegg til bakinga.

Me har og fått sett litt ski på TV. Gler meg til VM som startar 20 februar, difor kunne det passa bra om babyen kunne melde sin ankomst i god tid før det slik at me rekk heim til det startar :P Eg er så innstilt på at det skal skje før termin eg, så eg kjem vel sikkert til å gå max overtid, hehe, men då kan eg iallfall sjå skiVM medan eg ventar :)


fredag 1. februar 2013

GATAS SKREKK: VOL II

Ny permisjonsdag, kjenner permisjonen kom akkurat når den skulle. Søv veldig dårlig om nettene no, noko som resulterer i at eg søv leeenge når morgonen kjem. Men då går no iallfall dagane fort :)

Idag er det fredag, og det er jo favorittdagen! Taco står på menyen ikveld og alt ligg tilrette for nok ei super helg her i Nygjerdet 10 :D

Ho var ikkje veldig høg i hatten, og gøymde seg i ein mursprekk då Thomas fann ho :/

Til overskrifta. Igår kveld var eg på besøk hos ei venninne, då eg kom heim var det ein stk pusekatt som hadde fått gjennomgå. Denne gongen var det BlackyJacky, stakkar. Så det var Thomas som hadde ei dramatisk oppleving igår, men det enda heldigvis veldig godt denne gongen og, og pusen er allereie i slaget igjen. 

Det vart heldigvis berre ei lita skramme denne gongen!

Ho hadde fått seg ei skrape rett under auga då, så det rann litt blod inn mot auga hennar og det såg ikkje så godt ut igår. Men idag er det heilt fint igjen, heldigvis <3

Nok eit teikn på at me må passe betre på dei når dei er ute, for dei er framleis for små til å forsvare seg mot desse vaksne kattane som herjer i strøket.