Om ei veke er det ferie igjen, denne gongen går ferda mot Kypros. Gjett om me gler oss!!! Idag byrja eg såvidt å pakke litt, i helga som kjem skal eg nemleg til Stord å vera kattevakt, og eg veit av erfaring at vekedagane går fort, så det er like greit å berre gå igong. Så idag har Thomas sett på medan eg prøvde alle kjolane mine, hehe, med den stadig voksande magen er det ikkje alt som passar lenger, men eg fann nokre plagg eg kunne pakke med, heldigvis. Eg hadde forutsett at det kom til å bli noko smalt med kjoleutvalet i år, så eg tok ein liten tur innom "mamma-avdelingen" på H&M på fredag, og der fann eg ein veldig fin kjole og, så eg iallfall skulle ha
ein.
Ellers har dagen idag gått med til å rydde ferdig soverommet vårt. Eg starta prosjektet igår og må sei eg er veldig nøgd med eigeninnsatsen. Det er jo ingen hemmelegheit at me jenter har eindel klede, og eg innsåg for ei stund sidan at kanskje seksti prosent av kleda mine ikkje passar lenger. Eg er faktisk ikkje lenger ein storleik 34, gravid eller ikkje gravid, det må ein berre innsjå. Så no har eg pakka vekk ALT av klede eg ikkje brukar/kjem inn i og har supergod plass til å kjøpe mykje nytt framover. Hurra! I tillegg har eg fått rydda i ein del andre ting som har stått på soverommet og no er det så ryddig og reint.
Thomas har nytta dagen til å rydde i boden, det trongs og nemleg. Det har blitt sånn at me berre sett ting inn der etterkvart og til slutt så er det ikkje orden i noko som helst. No er det system i rotet, framfor rot i systemet, og det kan me like.
No er det litt fotball på tv-skjermen før me skal sjå ein episode eller to av Argasnickaren (den svenske versjonen av Sinnasnekkaren) som me har vorte ein smule hekta på den siste tida. Det er viktig å lære av andre sine feil :)
|
Fint og ryddig soverom! |
|
Utsikt fra senga :) |
|
TV på soverommet er viktig! Bak TVen har me "kleshjørne". Ein dag skal me bygga vegg her å lage skikkeleg "walkincloset" :) |
|
Her er det plass til ei lita seng i februar :P |
|
Den vakre utsikta frå soverommet. |
Endelig er dette og ein preggyblogg! Bilder! marith og gjøa :)
SvarSletthehehe! bloggen med uendelige muligheter! :) Mulig du får oppfylt ønsket om en ukes tid, for da må lillemor sprade i bikini på Kypros! Skal få sniktatt noen bilder og legge ut her da ja! :) Thomas
SvarSlettEg skal iallfall love ein ting, det kjem ikkje bikinibilete av meg på bloggen! Det er sikkert! :) Men bilete, DET kjem! Hurra! :D
Slett