Idag var eg inne i byen ein liten tur, det er studiestart denne veka og då er det litt opplegg med korpset. Sjølv om eg ikkje skulle vera med på standen i år, så ville eg jo gjerne ta ein tur bort for å kikke, det er liksom blitt ein liten vane å vera med på det, så hadde eg jo fri og.
Eg må innrømme at eg ligg litt etter på denne lista mi over ting eg skulle gjere denne veka, men eg har heldigvis nokre dagar att så eg vonar eg skal få gjort litt av det iallfall. Eg er litt sløv om dagen, og prøver å slappe litt av og før kvardagen hentar meg inn igjen. Men litt får eg jo gjort då, og det er betre enn ingenting. Og i hekken går det verkeleg unna, idag kom det litt lesestoff om korleis velje og plante hekk i posten til oss. Det var ein blogglesar som ville komme med litt tips, og det sett me jammen pris på, for me veit ikkje heilt kva me held på med...ehe...
Det me har funne ut er at me helst ikkje vil ha Tuja, den er litt keisam tykkjer me. Men så fann me ein hekk som heiter Buksbom (trur eg) og den var akkurat sånn me var på jakt etter. Etter å ha lest litt om den fann me diverre ut at heile planten er giftig og at den lukter kattepiss, så då vart me litt i tvil der og. Nokon som har tips? Det einaste kriteriet me har er at den skal vera heilårsgrønn og helst heilt samanhengande.
Ein kar som satte meg heilt ut under dagens hageøkt. |
Men eg prøvde å late som han ikkje var der, så gjekk det tåeleg greit likevel :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar