Så langt har me vore ei veke på sørlandet, det var heilt fantastisk og eg lengtar tilbake allereie, me var ikkje så heldige med veret i år som me var ifjor, men me kosa oss glugg likevel :) På vegen opp mot Bergen hoppa eg av heime hos mamma, medan Thomas måtte heim sidan han skulle tilbake på jobb. (Me er ikkje veldig flinke til å time feriane nei).
På onsdag var eg på plass her i Bergen igjen, me hadde ein viktig avtale på torsdag (igår) så det måtte eg rekke. I tillegg så har eg jo ein million prosjekt på gong her i huset no når eg har litt ekstra tid.
- Vaske ned kjøkkenet
- Vaske ned badet
- Vaske på loftet
- Rydde og ordne i alt som enda ikkje er organisert
- Så var det den hekken og...
Igår starta eg prosjekt nr ein, vaske ned kjøkken. Idag derimot, har det ikkje skjedd stort, hehe. No er eg straks på veg ut for å møte Thomas med jobben hans før me skal hente bilen som er på verkstad, deretter skal me køyre jentene i kjellaren til IKEA :)
Me snakkes meir seinare, eller imorgon.
Eg har skura alle frontane på kjøkkenet, samt inne i nokre av skapa. Det har eg tenkt på så lenge, og det var herleg å endeleg få det gjort. |
Eg fekk med meg heim eindel greier fra Stord, så dette må sorterast og stuast vekk. |
Det tek jo litt tid, for det er så mange artige minner. Dette er meg i barnehagen, ca 5 år, trur eg :) |
velkommen tilbake til høstsesongen! :)
SvarSlettfantastisk bilde! Supersjarm! :)
thomas