Hei. Det har allereie gått nokre dagar sidan sist, og det beklagar eg jo sjølvsagt. Som det aller fleste sikkert har fått med seg no, så er eg litt trøytt for tida, men det byrjar å bli litt betre no. Så snart skal bloggen blomstre igjen!
Denne helga har me besøk av verdas beste svigermor, og då er det sjeldan eit roleg augneblink i sikte. Igår etter jobb tok me turen ut på Plantasjen her på Laksevåg for å kikke på hekkar og etter å ha kikka vel og lenge vart me einige om at me skulle gå for Buksbom (den som luktar kattepiss for dei som ikkje hugsar det), ho i butikken skulle berre vise oss ein sort til, heilt på tampen. Og der kom ho ut med ein Vinterliguster, heilt perfekt, me trengte nesten ikkje å sei orda eingong, me berre visste at me alle var einige om at det var hekken vår.
Eg googla i full fart og fann ut at me trong omlag fem buskar per meter, me hadde sjølvsagt gløymd å måle desse beda før me køyrte, men me tippa dei va ein plass rundt 120 centimeter. Nedsiget kom då dei bare hadde ni buskar igjen, og me trong omlag 25. Me tok med oss dei ni og køyrte vidare ut til Drotningsvik, der hadde dei elleve og me var oppe i tjue, mangla framleis fem stykk. Etter dette fann me ut at me skulle køyra heim (nokon haldt på å tissa seg ut, les: meg). Me fekk målt opp beda om fann ut at dei var 160 centimeter, og plutseleg trong me enda fleire buskar. Me sendte Thomas ut i Åsane og heldigvis hadde dei resten der, PUH!
Idag har me brukt dagen på å plante og rydde utanfor her, og jammen vart det flott. Ein heilt ny hage, ein ny start for Nygjerdet 10. Eg har lært så mykje om hagestell idag, og når våren kjem skal eg jammen få ordna det til der ute ja. Forutanom å plante hekk har me idag fått luka mellom steinhellene som ligg utanfor her og lagt ny sand i. Røska vekk nokre små buskar som har vore på innsida av muren og luka i bedet utanfor her. Effektive har me vore!
Innimellom alt dette hadde me og besøk av mamma og pappa som var ein tur i Bergen idag, meget triveleg!
Her kjem litt bilete, det har regna litt idag, så eg har ikkje fått tatt så mykje bilete, det kjem meir imorgon.
|
Tenkar og plannlegg. |
|
Ferdig planta, no er det berre å vente på at den skal vokse seg større :) |
|
Thomas LITT lei når eg masar om bilete på slutten av arbeidsdagen :P |
|
Og, for dei som ikkje hugsar det. SLIK SÅG DET UT FØR! |