Endeleg har me fått testa ut akebrettet som Aksel fekk forrige vinter. Snøen har lagt seg her i Bergen, og det kan sjå ut som den blir liggande ei stund. Me heiv på oss gode og varme klede etter frukost på laurdag og kjørte opp i barnehagen som Aksel går i. Barnehagen hans ligg nemlig litt høgare oppe i landet og snøen er litt betre å leike i der oppe. Ein gut som verkeleg fekk smaken på snøleik, han og pappaen kjørte om igjen og om igjen ned bakken og smilet gjekk nesten rundt på dei begge. Igår var me nødt til gjenta suksessen, ein litt kort tur på formiddagen, vinden var litt kald igår. Og på ettermiddagen gjekk me ner på Jansonmarken rett nedanfor her og den akebakken var bare fantastisk. Så lang, og guttaboys suste ned heile fem gonger på rad. Han minste kunne nok rent ner minst fem gonger til, men det blir tungt for han far som må dra akebrettet med gutten på opp igjen. Idag er det ei veke til Aksel blir 2 år, og me skal ha selskap på laurdag.
mandag 2. februar 2015
SNØ OG VINTERLEIK

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
at Aksel syntes det var så gøy var moro å se!
SvarSlettsnø er noe rare greier men kjempegøy å få gode opplevelser de første gangene.Får besøk av Jakob,Gerda og mor imorra -da skal de få se godgutten
hilsen bestemor