Iallfall nesten! Dei siste dagane har me hatt kjempekoseleg besøk av søstera til Thomas, Cecilie. Ho har hjulpe Thomas å male, og no er me så godt som i mål.
|
Veit ikkje om det kom så godt fram, men ein fin, lyseblå farge er det iallfall :-) |
Etter mykje om og men har Aksel sitt rom fått ein veldig fin, lyseblå farge. Me var lenge i tvil om kva me skulle gjera på rommet hans og var eigentleg einige om å mala det kvitt, men så tenkte me oss litt om og landa til slutt på ein lyseblå farge. Etter at fargen kom på veggen må eg berre seie at eg er kjempenøgd med valget.
|
Gjesterommet! |
|
Gjesterommet! |
På vårt soverom, walk-inet og gjesterommet valde me ein farge som heiter "kalkgrå". Veldig spent på korleis den kom til å bli på veggen og, heldigvis blei den også kjempefin! No er det bare tapeten som gjenstår, men me får satse på at den og blir ein suksess :-)
|
Gongen er ferdig grunna, klar for tapet! |
Då gjenstår det bare å takke Cecilie for malehjelpa! Det var veldig kjekt :-) Imorgon reiser eg og Thomas til Kjekse for å hente Aksel, på laurdag er me tilbake i byen og på mandag kjem som nemnt snekkaren tilbake for siste rest! Kor eg gler meg til me er ferdig!!
|
Malemesterane! |
|
Den flotte taklista vår. |
|
Ferdigmalt pipe! |
|
I full gong! :-) |
Kjempefin farge! Aksel er heldig, han :)
SvarSlett