torsdag 31. juli 2014

TID FOR INNSPURT

Sånn mentalt er me komen til veis ende, for det var imorgon, 1 august, me hadde tenkt og planlagt at me skulle vera ferdig med sjølve oppussinga. Me innser at det ikkje kjem til å skje og prøver å ta det heile med godt mot. Det nærmar seg slutten, men framleis er det ein del finpuss igjen. Me satsar heller mot neste helg, og det bør gå bra, mellombels får me kosa oss med nokre bilete frå det som faktisk er klart.


Me har for eksempel fått på plass alt det eletriske i andre etasjen. Nydelege spottar på soveromma og i walk-inet, desse spottane lyser kjempebra, og med tolv stykk på soverommet vårt trur eg til og med at mor skal bli nøgd med belysninga.


Golvet er på plass, iallfall nesten. Me hadde sjølvsagt akkurat litt for lite golv, så gjesterommet må vente litt lenger før det blir klart (det er faktisk ein månad ventetid på golvet). Men me er så nøgde med fargen og etter alt styret med å bli einig om golvet er eg veldig glad for valet som tilslutt vart tatt. Dette golvet er så lyst og fint, samstundes som det er nydeleg og gå på.


Alle vindauga har fått foring og lister, nydelege lister som min kjære mann har valt ut, han har gjort ein formidabel jobb og alle dei tre ulike listene, tak, vindaugs og golvlister, er bare heilt nydelege både for seg sjølv og saman. Tommel opp!


To nydelege lampar har funne vegen til gongen vår. Desse lampane er i same stil som lampen i gongen, som igjen har vore med sidan huset var nytt i 1929. Kjekt å prøva å ta vare på noko av det originale preget.


Eit nærare syn på taklistene. Nydelege profiler basert på dei listene som var her fra før.



Aksel sitt rom har og fått golv, samt lister rundt vindauga. Gler meg til han kan flytta inn igjen her, og håpar han vil trivast.


Golvet i gongen og den nye tapeten (som igjen er eit kapittel for seg sjølv). Men til slutt kom den opp på veggen, på andre forsøk og ein heilt anna tapet enn den me hadde valt og kjøpt. Men me er nøgd med resultatet og liker denne tapeten nesten betre enn den andre. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko, som dei seier.


Dei som me hadde leigd inn for å legga tapeten greidde nemleg å legga halve tapeten skeivt. Og det er faktisk ikkje godt nok, og med tre vekers leveringstid på tapeten var me bare nødt til å hive oss rundt å få tak i ein som faktisk fantes på lager. Det blei altså denne. :-)


Så det var litt av det som har skjedd sidan sist. Framleis ein del listing igjen, og deretter skal me gå over alle listene og sparkle/male spikerhol. Me må få på plass innreiing i walk-in rommet og til slutt vaska ned heile etasjen. Deretter er det innflytting! :-) Det gler me oss til, eg trur me er passe slitne begge to no.

onsdag 23. juli 2014

SOMMERGUTTEN

For ein nydeleg sommer dette skulle bli. Me prøver å nyte kvar soldag til det beste, men det er ikkje så lett å få tid innimellom jobb og oppussing.



Litt kos blir det heldigvis og me har fått oss nokre flotte timar på stranda her og der. Aksel elsker å vera nær sjøen og koser seg med vassing/bading og leik.



Her om dagen fekk eg tatt nokre kjekke sommerbilete av han då me var ute å leika her i hagen :-)





torsdag 17. juli 2014

FERDIG MED MALINGA

Iallfall nesten! Dei siste dagane har me hatt kjempekoseleg besøk av søstera til Thomas, Cecilie. Ho har hjulpe Thomas å male, og no er me så godt som i mål.


Veit ikkje om det kom så godt fram, men ein fin, lyseblå farge er det iallfall :-)


Etter mykje om og men har Aksel sitt rom fått ein veldig fin, lyseblå farge. Me var lenge i tvil om kva me skulle gjera på rommet hans og var eigentleg einige om å mala det kvitt, men så tenkte me oss litt om og landa til slutt på ein lyseblå farge. Etter at fargen kom på veggen må eg berre seie at eg er kjempenøgd med valget.

Gjesterommet!

Gjesterommet!


På vårt soverom, walk-inet og gjesterommet valde me ein farge som heiter "kalkgrå". Veldig spent på korleis den kom til å bli på veggen og, heldigvis blei den også kjempefin! No er det bare tapeten som gjenstår, men me får satse på at den og blir ein suksess :-)


Gongen er ferdig grunna, klar for tapet!

Då gjenstår det bare å takke Cecilie for malehjelpa! Det var veldig kjekt :-) Imorgon reiser eg og Thomas til Kjekse for å hente Aksel, på laurdag er me tilbake i byen og på mandag kjem som nemnt snekkaren tilbake for siste rest! Kor eg gler meg til me er ferdig!!

Malemesterane!

Den flotte taklista vår. 

Ferdigmalt pipe!

I full gong! :-)

søndag 13. juli 2014

PUSSEMESTER ØDEGÅRD

Haha, når eg tenkjer meg om, så har eg faktisk ikkje bidratt med noko som helst når det kjem til oppusinga. Etter at me flytta ut alle tinga våre (der var eg særs delaktig), så har eg ikkje gjort ein ting sånn direkte knytta til sjølve oppussinga. Er det normalt?



Jaja, så lenge Thomas ikkje har noko problem med det så er det vel kanskje greit? Han har jo med seg ein del hjelp, det lettar jo litt på samvittigheita mi då iallfall. Og eg tar meg jo av Aksel og andre husholningsgreier, så me ligg akkurat like mykje (lite?) på sofaen :-)



Sånn ellers har me brukt helga på å pusse, ja når eg skriv "me" så meiner eg igrunn berre Thomas. Igår var han ute i ein av pusse-pausane for å kjøpa inn maling slik at den var klar. Idag valde han å ringe inn litt hjelp i form av amerikaneren, og då gjekk det unna litt raskare. Alltid kjekt å vera to :-)



I ettermiddag tok me oss ein tur opp til ei strand her i området, me var der ein anna dag denne veka også, så nydeleg som veret har vore så må det berre til. Aksel storkosar seg nær vatnet og det har vore mange andre born der som han kan leika med.



Etter Aksel var lagt ikveld så fekk me faktisk ånda over oss og tok første strøket med maling i tre av romma oppe. Ikkje verst? Og det var faktisk første gongen eg hjalp til, så idag kan eg legge meg med god samvit. Hihi.

Gjesterommet, vårt soverom og walk-in rommet har fått seg eit strøk på veggane. I desse romma skal me ha samme farge, og det gjekk fort unna når me var igong. Heldigvis for det. Målet er å vera ferdig med maling innen neste søndag! På mandagen kjem snekkeren og eletrikaren for siste innspurt! 

Eg gler meg til me er ferdig :-)

torsdag 3. juli 2014

LISTER

Når me snakkar om lister, me har bestilt handlaga golv- dør - og taklister. Thomas og dei har ein kar på jobben som er svært god på desse tinga (altså listene) og me gler oss til å få dei på plass! 



Men aller først må dei malast, det er liksom ulempen med å ikkje kjøpa dei ferdig produsert :-) Heldigvis for meg så har Thomas engasjert ein ung og lovande amerikaner til å hjelpe seg, så slepp nemlig eg å vera med. Ikkje for det altså, det er kjekt å mala (iallfall litt), men Thomas går alltid over å sjekker det eg har gjort og eg trur ikkje han synes eg er sånn veldig flink, knis :-)


Så no er straks 200 meter med listverk ferdig måla og klar for å komma opp der dei skal høyre heime. Eit strøk med grunning og to strøk med oljemåling. Den effektive mannen min altså, og her om dagen fekk han jammen veta den siste karakteren frå BI, nemlig bacheloroppgåva. Han gjekk rett til topps og avslutta 4,5 års studier ved siden av fulltidsjobb med stil. Eg blir ikkje akkurat mindre stolt over han <3