Sånn mentalt er me komen til veis ende, for det var imorgon, 1 august, me hadde tenkt og planlagt at me skulle vera ferdig med sjølve oppussinga. Me innser at det ikkje kjem til å skje og prøver å ta det heile med godt mot. Det nærmar seg slutten, men framleis er det ein del finpuss igjen. Me satsar heller mot neste helg, og det bør gå bra, mellombels får me kosa oss med nokre bilete frå det som faktisk er klart.
Me har for eksempel fått på plass alt det eletriske i andre etasjen. Nydelege spottar på soveromma og i walk-inet, desse spottane lyser kjempebra, og med tolv stykk på soverommet vårt trur eg til og med at mor skal bli nøgd med belysninga.
Golvet er på plass, iallfall nesten. Me hadde sjølvsagt akkurat litt for lite golv, så gjesterommet må vente litt lenger før det blir klart (det er faktisk ein månad ventetid på golvet). Men me er så nøgde med fargen og etter alt styret med å bli einig om golvet er eg veldig glad for valet som tilslutt vart tatt. Dette golvet er så lyst og fint, samstundes som det er nydeleg og gå på.
Alle vindauga har fått foring og lister, nydelege lister som min kjære mann har valt ut, han har gjort ein formidabel jobb og alle dei tre ulike listene, tak, vindaugs og golvlister, er bare heilt nydelege både for seg sjølv og saman. Tommel opp!
To nydelege lampar har funne vegen til gongen vår. Desse lampane er i same stil som lampen i gongen, som igjen har vore med sidan huset var nytt i 1929. Kjekt å prøva å ta vare på noko av det originale preget.
Eit nærare syn på taklistene. Nydelege profiler basert på dei listene som var her fra før.
Aksel sitt rom har og fått golv, samt lister rundt vindauga. Gler meg til han kan flytta inn igjen her, og håpar han vil trivast.
Golvet i gongen og den nye tapeten (som igjen er eit kapittel for seg sjølv). Men til slutt kom den opp på veggen, på andre forsøk og ein heilt anna tapet enn den me hadde valt og kjøpt. Men me er nøgd med resultatet og liker denne tapeten nesten betre enn den andre. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko, som dei seier.
Dei som me hadde leigd inn for å legga tapeten greidde nemleg å legga halve tapeten skeivt. Og det er faktisk ikkje godt nok, og med tre vekers leveringstid på tapeten var me bare nødt til å hive oss rundt å få tak i ein som faktisk fantes på lager. Det blei altså denne. :-)
Så det var litt av det som har skjedd sidan sist. Framleis ein del listing igjen, og deretter skal me gå over alle listene og sparkle/male spikerhol. Me må få på plass innreiing i walk-in rommet og til slutt vaska ned heile etasjen. Deretter er det innflytting! :-) Det gler me oss til, eg trur me er passe slitne begge to no.