lørdag 28. september 2013

FOTOSHOOT

Øver meg stadig på å bli litt flinkare med kameraet, har lert meg nokre triks hos flinkaste Hege og innimellom greier eg å få det sånn nokolunde til. Så her kjem eit lite biletedryss av verdas vakraste guttebass <3





Godguten då! Vakraste <3




På dette bilete fekk eg verkeleg kamera til å jobbe saman med meg, her stemmer ALT, Aksel skulle berre smilt vinnersmilet sitt :) Øving gjer meister som dei seier!

ENDELEG!

Heilt sidan me overtok huset vårt har me tenkt på, planlagt, ønska oss og lengta etter ei ny ytterdør. Den me hadde fra før var ikkje særleg fin, den passa iallfall ikkje huset og viktigast av alt: den var absolutt ikkje tett (me kunne faktisk sjå ut gjennom ei sprekk mellom døra og karmen). Men så har det vore mykje å gjere på huset, først måtte me få kjellaren klar for utleige, når det var klart måtte me ordne oss eit bad (sidan "hovedbadet" i huset var i kjellaren), innimellom desse to ganske store prosjekta har det vore mykje små prosjekt og så me har ikkje hatt anledning til å priorotere ny dør.




Rundt juletider i fjor bestemte me oss for at når me fekk skattepengane våre til sommaren så skulle me kjøpe ny dør, men her i Nygjerdet 10 kunne me ikkje ha berre kva som helst dør.
Så starta jakta på den "rette".
Me var innom mykje ulike nettsider, heldigvis jobbar Thomas i ein byggevarekjede og veit difor litt kor me kan leite, men det var ikkje lett. Enten var dei ikkje fine nok, eller så var dei for dyre for budsjettet vårt.


Etter mykje om og men var me klare til å bestille oss ny dør når Juni og skattepengane kom, me var begge heilt einige om kva for ei dør det skulle bli, det vart ei av dei som var litt for dyre, men å så nydeleg. Me greide ikkje å la det vera.



 Det viste seg å vera omlag åtte veker bestillingstid, så då var det jo berre å vente då. Me engasjerte ein snekkar som Thomas kjenner til gjennom jobben og når døra endeleg kom var det berre til å finne ein dato som passa for montering. Det vart onsdag denne veka! Thomas var heime og hjalp til (greit å vera to då døra var TUNG), og kjensla når døra omsider var på plass kan ikkje beskrivast. Det vart mykje flottare enn me hadde greid å sjå for oss.




Ein anna praktisk ting er at denne døra vender utover medan den førre gjekk innover. Det kjennes jo ut som gongen vår har vorte så mykje større. Bonus.




Alt i alt er me altså veldig fornødd med denne nye, flotte døra og det var vel verdt å vente så lenge for å få ei dør av god kvalitet og ikkje minst ei dør som kler huset så godt.

(Eg må jo berre beklage for litt dårlege bilete, eg er ikkje så god fotograf som eg skulle ønskje og det kjennes ikkje som døra blir like fin som den faktisk er i verkelegheita, for den er faktisk råfin) :-)

torsdag 12. september 2013

7 MND

Tenk at Aksel vår har blitt sju månadar allereie! Kor blir tida av? det er altså bare fem månadar til eg begynner på jobb igjen (bare, hihi). Eg tenkjer nok eg skal vera meir enn klar når me kjem så langt, barnehagestart er jo ikkje før i August, og det er igrunn det eg kvir meg for.


Han er ein veldig blid og nøgd gutt, og han elskar når pappaen tuller med han :-)

Den siste veka har eg vore litt småsjuk, eg trur eg kjørte meg litt for hardt med tanke på trening forrige veke, det er så lett å bli reve med. Det resulterer i ei veke utan noko form for mosjon, keisamt. Idag kjenner eg meg heldigvis litt betre så satser på ein frisk start frå mandag av, med trening, trilletur og sunn mat.



Maten går ned på høgkant, her er det middag det går i. Kjøttkaker med søtpotet, namnam! :P

Aksel er jo i kjempeslag for tida, og han har vore kjempesnill med mammaen som ikkje har vore i toppform. Inatt sov han faktisk 12 timer i eit strekk, det er fyrste gongen han har sove så lenge uten å vekke oss for litt mat. Det er heilt tydeleg at han søv betre på eige rom iallfall. Han er blitt så stor gutt no, og det neste me venter på er kryping. Han er ikkje så langt unna eigentlig, det er berre det at når han vil framover så løfter han både armar og bein og ser ut som han hopper i fallskjerm, hehe. Men han er flink til å snu seg i sirkel, og bevegelsane er på plass, det er berre den vetle koden som skal knekkast.

Og ikkje minst kan han drikke frå tutekopp, SÅ flink :-) 

I det siste har også vetleguten "oppdaga" kattane og. Altså, han har jo heile tida vore oppmerksom på at dei er her, men no har han begynt å prate litt til dei når dei går forbi han og sånn. Veldig artig å sjå på, men eg trur kattane sjølv er noko meir skeptiske :-)



søndag 8. september 2013

LITT STILLE?

Ja, no har det vore stille her inne ei god stund. Men det betyr ikkje at det er rolige dagar her i Nygjerdet, for her skjer det stadig nye ting! 

Eg og Aksel koser oss i permisjon og går mykje tur for tida. Ellers har me begynt på både babysvømming og babysang/open barnehage, begge deler er kjempestas for minsten. 

Akkurat for aungeblinken er eg og Aksel uten bil, den er på verkstad for å få filsa eit par småting, så me kjem oss berre rundt til fots akkurat no, det blir med andre ord ei spanande veke foran oss. 

Medan bilen likevel er borte nyttar Thomas høvet til noko han har tenkt på lenge, han riv bedet som har stjålet ein meter av bredda på parkeringsplassen vår! Bort med det! Han er så flink altså, kvir seg ikkje for noko :-) 

Den nye ytterdøra vår har og ankome hos XL-Bygg Adolf Jahnsen, så kanskje den kjem på plass snart? Det gler me oss til.