onsdag 17. august 2016

SOMMERFERIEN 2016

Då var sommerferien i full gong for oss og me har nyleg kome heim etter to veker på sørlandet hos familien. Det var to veldig flotte veker (det er det jo alltid) og som me har kosa oss. Me vaksne er jo notorisk litt i svima, minsten vakna for det meste i seks-draget og me bytta på å stå opp med han :)

Ein is må til innimellom slaga!

Me starta allereie dag 1 av ferien med å gå i dyreparken, no har Aksel gleda seg så lenge til det at det gjekk ikkje an å utsette det noko lenger enn aller høgst nødvendig. Me hadde ein kjempefin dag og brukte vel dagen for det meste til å sjå på dyra. Men me fekk oss nokre turar med toget i Barnas Afrika og Traktorane på kutoppen. Ein svipptur innom kardemomme-by høyrer og med for der har dei så gode boller! Jammen fekk me med oss Politimester Bastian sitt show og og det var stor stas for dei små. Johan dansar så fint kvar gong han høyrer musikk, skjønningen vår.

Det er tryggast å halda seg litt i bakgrunnen, men ein veldig kjekk opplevelse :)

Ellers hadde me mange flotte dagar på gården på Kornbrekke, der var det både hest og kanin til alle sin store glede. Og på nabogårdane var det ponni, kuer, griser og høns. Så me hadde oss ein tur til dei når me blei rastlause innimellom. Og så har me sett mykje på TV (jepp, det har me) me har nemleg "mista" disney channel jr, men den har dei heldigvis på Kornbrekke, så då fekk me sett både Løvegarden, Tøfferud og alle dei andre kjekke programma. 

Fiskane som svømmer rundt i dammane er like spennande som alle dei andre dyra :)
Me måtte jo innom å helse på Gepard-babyane <3
Til saman tre dagar i dyreparken, det hadde gjerne holdt med to, men søren heller. Me kosar oss jo sånn i parken, og så var det så kjekt å sjå at Johan kosa seg sånn og denne gongen. Apropos Johan, så er han blitt så flink i snakke no, orda kjem på springande band og eg føler eg høyrer nye ord kvar einaste dag. 



Me avslutta ferien på sørlandet i år med ei skikkelig runde med noro-viruset. 

Noro 4 - Familien Ødegård 0 der altså. Men me kom oss inn i bilen på rein vilje og det blei faktisk ein fin tur heim trass alt. Me kom oss ikkje avårde så tidleg som me hadde tenkt, men det resulterte jo bare i at ungane sov litt meir (me var heime halv tolv) og det er jo vinn-vinn. 

No nyter me nokre late dagar heime før det er jobb at på mandag! 

Og, far fekk seg sjølvsagt ein tur i Nilen :)

onsdag 13. april 2016

TO GLADE GUTAR

Den mannen min, han overraskar stadig. I det siste har han nytta tida ute i hagen og jobba med ein liten leikeplass til gutta-krutt. Eg har overtala han til å kjøpe ei leikeborg med ei disse og ein rutsjebane, men det var ikkje bare-bare å montere den altså. Litt etter litt så vart han ferdig då, og den er veldig solid og fin, støypt ner i bakken og alt. Trygt må det vera.




Etter at borga var ferdig bygga var det bare å hoppa øve til neste prosjekt, nemleg sandkasse. Den vart veldig fin og eg er så imponert over det han har fått til der ute. Eg har som vanleg ikkje bidratt med anna enn gutte-pass, men sånn blir det. Eg skal innrømme det har ikkje berre vore enkelt å stå inne å kikke på, eg vil og vera med! :P




Gutane synes iallfall dette var storvegs og me har allereie nytta den så mykje. Me gler oss til ein kjempekjekk vår og ein nydeleg sommer her ute.





lørdag 2. april 2016

PÅSKE PÅ KORNBREKKE

Då var påsken over for denne gong og me kan endeleg sjå fram mot vår. Varmare temperatur og lengre dagar, me er så klar! 




Me pakka bilen og reiste til sørlandet denne påska. Så kjekt å vera på tur igjen og trass at me alle var ganske forkjøla så hadde me ein veldig fin påske med familien. Me køyrte ner tirsdag formiddag og kom fram på kvelden, turen gjekk veldig fint og begge ungane sov fra Ålgård og heilt til me var framme, akkurat som planlagt. 



Gutane laga fuglekassar den eine dagen, og me fekk med oss ein heim til Bergen og. No heng den på husveggen her og me gler oss til det kjem fuglar i den.



Me var mykje "heime" denne ferien, me var ikkje i form så me la ikkje dei store planane. Men ein tur i dyreparken fekk me heldigvis til og det var kjempekjekt som alltid. 



Me kosa oss ute i sola dei dagane veret var med oss. Brann bål og plukka kongler. 


Og det beste av alt: påskeharen fann oss, sjølv om me var reist på tur. 




Ein tur i Nilen høyrer med når me er i dyreparken. Denne gongen var det Thomas og Cecilie sin tur, ei våt, men kjekk oppleving :)


Me fekk med oss ein dyrepresentasjon som me ikkje har vore på tidlegare, nemlig Gepard. Flotte dyr altså!





Aksel får seg nye vener :)


 Det er vel så spanande med fiskane som med dei større dyra. Det var godt å kome inn i apehuset etter fleire timar ute i ein litt sur vind. 

Me gler oss allereie til neste sørlandstur som er i august etter planen :)

søndag 28. februar 2016

AKSEL 3 ÅR!


Tenk at Aksel er blitt heile tre år allereie. Tida går så uendeleg fort og eg henger ikkje med i det heile tatt. Han er blitt ein stor og herleg gutt som bare blir meir og meir sjølvstendig for kvar dag som går.


Me feira dagen med familie og gode vener og akkurat her er det ein meget spent og gira gutt som venter på gjestene sine :)


Johan hadde og pynta seg litt for anledningen og er blitt stor gut han og.


Det vart servert pizzaboller, og det ser ut som det vart godkjent av far. Etterpå var det kake, muffins og kaffi. Mums :)



Johan synes og pizzabollene var gode og han elska å ha så mangen på besøk. Han var verkeleg i sitt ess heile dagen. Noko som vonar bra for den kommande barnehagestarten. 

Ein veldig nøgd treåring var det som hadde ein heilt fantastisk bursdag. Og no er det berre eit par veker til me har ein ettåring i heimen og!

tirsdag 12. januar 2016

TID FOR HAGE!

Me har jo alltid mange store og små prosjekter på gong her i Nygjerdet og sjølv om det som regel er inne det skjer så hender det at me prøver oss ute også. På framsida har det blitt ganske fint no med ny hekk og litt orden i beplantninga, men baksida av huset, altså sjølve hagen, har vore ein heilt anna sak. 



Me har jo lenge tenkt at me ville gjera noko der, men det var vanskeleg å sjå for seg akkurat kva me kunne gjera for å få litt betre utnytting av plassen. Det er jo ein liten hage og litt ujamnt terreng. I haust når me var i Lillesand så snakka me litt om hagen og då vart min gode svigerfar litt engasjert og tilbaud seg å hjelpe oss.



I romjula skjedde det endeleg. Thomas og Dag har brukt hausten på å planlegge og Thomas fekk leigd seg minigraver og lastebil med sjåfør. Samt fekk han kjøpt inn det me trengte ellers frå jobben og me var klar! Det einaste som kunne sette ein stoppar for oss no, det var veret.



Dei starta med å grave opp langs den eine veggen her, for når me likevel skulle grave så kunne det vera greit å drenera litt i same slengen. Godt med alt som er gjort. Det starta allereie sundag ettermiddag då Dag var på plass i Bergen. Det var to store røtter i hagen som skulle bort, og det er litt arbeid sjølv om ein har graver. Med ein god start på sundagen låg alt tilrette for ein god arbeidsdag då mandagen kom.



Då var det å kjøre bort ein del med lastebilen og ikkje minst sjølve arbeidet med dreneringa. På eit tidspunkt denne dagen kunne det nesten sjå ut som dei hadde gapa over litt mykje mens det stod på og dei var usikre på om dei rakk å bli ferdig i tide (dei hadde berre tre heile dagar på seg).


Tysdagen kom og veret var verkeleg på vår side denne dagen. Ikkje altfor kaldt, men opplett og lite vind. Gutta stod på som berre det og fekk opp det eine lasset etter det andre til lastebilen som veksla mellom å kjøre til Sotra for og tømme jord og å hente pukk og grus som skulle på plass i hagen.



Det gjekk verkeleg unna og då onsdagen kom var det einaste som kunne øydelegge dagen vinden som ulte. Me starta tidleg og fekk akkurat kjørt to lass til Sotra før brua vart stengt, det er kjekt å ha marginane på riktig side av og til. Så var det berre å jobba på med å fylle i med grus og pukk til hagen fekk ei jamn og fin overflate. 



Me sjølv er veldig nøgde med resultatet, og sjølv om det kanskje ikkje er dette dei fleste ville gjort med sin hage så har iallfall me fått ein hage me kan bruke og guttane har fått seg leikeplass. No gjenstår det berre å finne ut kva me skal fylle den med, kun fantasien set grensene.