fredag 27. februar 2015

AKSEL 2 ÅR!

Den niande februar vart Aksel to heile år. Tenk at tida har gått så fort? No er han blitt så stor gut, han snakkar som berre det og ofte kjem det heile setningar. Dei fleste setningane er på tre ord, men innimellom greier han å sette saman både seks og sju ord i ein setning og.





Bursdagen hans var på ein mandag denne gongen, så laurdagen før feira me han med litt familie og vener her heime. Ein meget fornøgd bursdagsgut som fekk både kaker, fine gåver og kjekke vener å leika med. Ei veldig vellukka feiring med andre ord.




 Aksel fekk så mykje flotte gåver, for det meste Brio togbane, litt duplo, puslespel, film og kler. Heldige guten.

No går me igrunn berre heime og venter på "lillebror", me er spente alle tre, og plutseleg så er han her <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar