mandag 23. juni 2014

FRAMGONG

I helga var eg heime ein tur, og hjelpes for ein framgong sidan sist eg var heime (sjølv om det berre var nokre dagar sidan). No kan ein verkeleg sjå for seg korleis det skal bli til slutt og reisverket er satt opp slik at romma er fordelt. Veldig kjekt!

Aksel sitt soverom!



Fra vårt soverom og inn mot walkin/kontor.


Walkin/kontor ferdig plata! :-)

Frå vårt soverom og inn til Aksel sitt. 

Gjesterom, her har Thomas og snekkaren fått laga rommet bittelitt større, Hurra! :-) Det er ikkje snakk om store forstørrelsen, men alle kvadratcentimeter hjelper når rommet er så lite i utgongspunktet.

Gjesterom og litt av gangen, her mangler framleis reisverk så det skal altså opp vegger her og :-)
Det var nokre bilete så langt. Ein kan og sjå at eletrikaren har vore her og trukke kablar. Me har valt kablar som allereie har ledningane på plass så blir det litt mindre arbeid. Alle stikkontaktane er no fordelt og me er veldig nøgde med arbeidet så langt. Flinke fagfolk me har engasjert :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar