søndag 8. september 2013

LITT STILLE?

Ja, no har det vore stille her inne ei god stund. Men det betyr ikkje at det er rolige dagar her i Nygjerdet, for her skjer det stadig nye ting! 

Eg og Aksel koser oss i permisjon og går mykje tur for tida. Ellers har me begynt på både babysvømming og babysang/open barnehage, begge deler er kjempestas for minsten. 

Akkurat for aungeblinken er eg og Aksel uten bil, den er på verkstad for å få filsa eit par småting, så me kjem oss berre rundt til fots akkurat no, det blir med andre ord ei spanande veke foran oss. 

Medan bilen likevel er borte nyttar Thomas høvet til noko han har tenkt på lenge, han riv bedet som har stjålet ein meter av bredda på parkeringsplassen vår! Bort med det! Han er så flink altså, kvir seg ikkje for noko :-) 

Den nye ytterdøra vår har og ankome hos XL-Bygg Adolf Jahnsen, så kanskje den kjem på plass snart? Det gler me oss til. 




1 kommentar:

  1. Flinke Thomas! Eg gler meg til neste gong eg kommer å knabber parkeringsplassen hans ;)

    SvarSlett