søndag 7. oktober 2012

21

Imorgon er eg heile 21 veker på veg og siste halvdelen av svangerskapet er allereie igong, tida går så fort. Det er snart tida for å starte på innkjøpa til den vetle. Me har jo allereie vore å kikka litt, kanskje ein tur på barnevognjakt neste helg, me må jo finne den perfekte:)

Ellers har det vore ei flott helg, eg har bare vore heime og slappa av med unntak av eit par spaserturar i nabolaget, må jo prøve å halde meg litt aktiv i det minste. Kattane har det berre fint, dei spis, søv og leikar :) På laurdag hadde me besøk av tanta og onkelen min, borna deira hadde lyst helse på pusane og det vart eit møte som var like kjekt for begge partar, både borna og pusane kosa seg ilag:)

No er det dags for ei ny veke og mykje står på agendaen. Eg personleg startar nedtellinga til neste helg, puh! :)

2 kommentarer:

  1. venter dåke til pusane sovner for så å stilla dei opp til sånne søte bilder?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehehe, dei er jo bare så søte <3 Dei liker å sova i sånne herlige posisjonar og då er eg kjapt framme med kamera :)

      Slett