fredag 30. mars 2012

PÅSKE

Påsken er igong, og for mange tyder dette ferie. Vel, me skal jobba, men klagar ikkje av den grunn. Eigentleg hadde me skikkeleg lyst til å dra sørover i påska, men slik gjekk det altså ikkje i år. Kanskje me får tatt oss ein tur når Thomas er ferdig med eksamen og slikt!

Thomas jobbar man-ons medan eg jobbar man-ons + laurdag. Dei dagane me begge har fri skal me nytta til å riva på badet. Thomas hadde snekkaren vår på besøk igår, for å spørje om litt diverse i samband med riving og så skal me skifta alle vindauga på badet vårt oppe. Det vert tre stykk til saman, to små og eit vanleg. Det er så spanande dette med badet!

Sidan sist har me spikra sumarferie og. Me tek oss nokre veker i juli/august (berre ei veke saman) litt på sørlandet og litt her etter planen. I september blir det tur til Kypros som vanleg, og Thomas skal vera med i år. Det blir kjekt. Eg gler meg til han skal få treffa alle saman der, vår vetle Kypros-familie. Det er rart med det kor glad ein blir i menneske som ein kun treff ei veke i året <3
Det finaste og klaraste vatnet.
Eg gler meg! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar