Denne laurdagen byrja tidleg for oss, og me var oppe allereie i ni-draget, ikkje verst. Det var skikkelig godt å berre slappa av igårkveld, så me vakna idag meir utkvilte enn på lenge :)
Pussinga byrja klokko ti, eg hadde nesten gløymt kor keisamt det faktisk var. Men det gjekk no unna denne gongen og, det er greit å gjera skikkeleg arbeid når ein held på med den slags, det visast så godt om ein slurvar. Då klokka nærma seg halv tolv sa me oss nøgde å gjekk opp for å drikka litt kaffi (evt sjokomelk) og ha oss ei lita pause.
Snille Marith skulle komme klokka ett for å hjelpe oss me det fyrste strøket med maling, så litt før det gjekk me ned å gjorde klart med plast på golvet og litt sånn. Så no er det fyrste strøket ferdig i stue/kjøkken avdelinga og det kjennes godt. Skikkeleg fint blir det. Me skal straks ned å byrje på dagens andre strøk, berre ha oss litt lunsj fyrst. Utan mat og drikke, dug ikkje helten.
Legg med litt arbeidsbilete frå dagen, men endeleg resultat får de ikkje sjå før imorgon :P
 |
Golvet er endeleg i hus. Spent på kva farge det har. Kanskje det er den som er vist på pakka? |
 |
Me jobbar :) |
 |
Håpar me har nok golv. |
 |
Viktig med plast. |
 |
Me ser visst litt bleike ut på morgonkvisten, men me kosar oss iallfall. <3 :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar