Endeleg, etter ni lange månader, så kom han. Lillebror som me har kalla han så lenge. No heiter han Johan, etter min morfar.
Natt til 17. mars starta endeleg fødselen, ein dag før termin. To timar etter var han ute og det var berre på håret at me rakk fram til sjukehuset i tide.
3630 gram og 50 cm, heilt perfekt.