fredag 26. desember 2014

JULA 2014

Ja, då var romjula her allereie. Julaften i år vart feira på Stord, og me hadde ein kjempeflott dag. Me starta med gåveopning for Aksel i elleve-tida, han fekk så mykje flott. Guten sjølv var storvegs fornødd og la seg til å kvile med eit stort smil om munnen i halv ett-tida.




Då guten kvilte var det tid for lunsj på oss vaksne. Julelunsjen, tradisjon tru. Då klokka nærma seg fire kjørte me ner mot kyrkja for julegudsteneste, før det bar heim for julemiddag og gåver. Mellom middag og dessert har eg og min bror alltid ei lita framsyning av julesongar på instrumenta og i år var det så artig å sjå kor ekstatisk Aksel blei då me spela. Det var dagens høgdepunkt for min del altså. Utan tvil.





1. Juledag kjørte Aksel og Thomas sørover til familien, medan eg vart igjen her på Stord. Imorgon ber det mot Bergen igjen for min del, og på mandag kjem Thomas og Aksel, det gler eg meg til. Litt rart å vera utan dei så mange dagar.

















 Eit skikkeleg biletespam frå gåveopninga her. Ein skikkeleg fornødd gut som fekk så mykje flott!


søndag 7. desember 2014

ADVENTSTID

Hei. No er det nokre månadar sidan sist, og masse har skjedd sidan då. Kor skal ein starte? Vel, me vart ferdig med oppussinga til slutt, og me har kome oss sånn noko lunde i orden. Framleis er det mykje som skulle vore gjort, det er det vel alltid, men tida strekk ikkje heilt til.



I mars kjem det jo ein liten gut til inn i familien, så mine dagar går først og fremst til å gjespe meg gjennom arbeidsdagen for så å prøve å leike og kose meg saman med Aksel fram til han legg seg klokka sju. Etter det må eg slappa av litt slik at eg er klar til ein ny dag.


Thomas står på som alltid. Han må jo trø litt ekstra til her på heimebane sidan eg er litt slått ut om dagen, i tillegg så tar han på seg litt ekstra jobb når han kan. Så flink.


Denne hausten har i allfall gått unna i ein fei, og no er det jammen snart jul. Denne jula skal me feira saman med familien min på Stord og dersom alt går etter planen skal Thomas og Aksel ta seg ein romjulstur til Lillesand, medan mor er heime og slappar av litt.



Idag er det andre søndag i advent og me har laga julemenn her heime. Eg fann nokre kakeformer som kan lage tog-kaker, gjett om minsten var nøgd med dei? I tillegg har han fått seg ei lita blå kjevle og kjevler med stor iver saman med pappa <3



Eg kjem tilbake med bilete av den ferdige oppussinga sidan, idag blir det derimot litt julebilete :)