søndag 30. september 2012

PUSEKATTAR

Då har me blitt to bebuarar meir her i Nygjerdet 10 sidan sist. Igår kveld då me stod med middagen såg eg plutseleg at ein eg kjenner la ut eit bilete av dei to søtaste kattungane, nokon hadde berre forlatt dei ute. Eg forstår ikkje at nokon kan gjer slikt og då eg visa bilete til Thomas vart han solgt ved første augekast.

Då var det berre å hive i seg middagen, køyre på Rema 1000 å kjøpe kattemat og kattesand og så henta me dei. Dei har ikkje vore redde eller noko etter dei kom her, så dei er tydelegvis vane med mennesker og kos. Heldigvis.

Me såg for oss at no blir det styr med å venne dei til kattesanden, at dei skulle ha mange uhell osb. Men til vår store overrasking ser det ut som dei allereie kunne det med å gå på do i kattesanden, så ingen uhell så langt iallfall, puh!

Dei kan nesten ikkje få gå fritt inne når me skal på jobb og om natta, så me har laga det koseleg til inne i mellomgangen til dei, ei lita katteseng har dei fått og matskålene samt kattedoen er der inne. Det såg iallfall ut som dei hadde kosa seg der inne inatt, heldigvis.

Det ser ikkje ut som dei er vant til å spise mat då, dei hiv i seg melka me sett fram, men dei forstår ikkje heilt kva dei skal gjera med tørrforet, så isted så prøvde eg å ta litt vatn på litt tørrfor så blanda eg inn litt skjeve med leverpostei, og det fekk dei iallfall i seg,  dei var jo sikkert kjempesvoltne.

Så må me finne ut når dei skal ha vaksine osb, me veit jo faktisk ikkje heilt kor gamle dei er heller, så eg får kanskje ta ein telefon til dyreklinikken ein dag. I tillegg så greier me ikkje å finne ut om det er gutter eller jenter, hehe, men dei er iallfall like under der, og kastrerast må dei uansett.

Her kjem litt bilete av dei søte krabatane:

Dei er så herlege!!!! 
Nokon som vil tippe alder?? 
Litt nyfiken på kva eg driv med når eg tek bilete av dei. 

Så leiker dei heile tida :)

mandag 24. september 2012

LUKTFRITT

Idag lovde igrunn Jørs å ringe Thomas etter dei hadde vore her. Han høyrde ikkje noko heile dagen, men når me kom heim kunne det sjå ut som det hadde vore nokon og sjekka lukta på badet vårt, og det lukta ikkje noko ut av hjelpesluken. Så då hadde han vel hatt oppi noko i sluket som kanskje hadde tørka ut? Me får sjå når me får hørt noko fra røyrleggjarane igjen. Og det er sikkert ikkje så lenge til, dei skal jo ha litt meir penger av oss så då høyre dei vel frå seg! :)

I dag har Thomas bytta nokra lyspærer som var gått så no vart det ljus både i krystallampa og ute i gangen igjen. Kjekt når da no går mot mørkare tider. Takk te paps som visa han litt på førehand igår korleis han skulle gjer det. Ein merkar nemleg at hausten er komen, me har ikkje hatt lys i trappeoppgangen på lenge, og spesielt den siste veka så har det vore vanskeleg å sjå noko om morgonen når me er på veg ned, så då hjelp det godt og iallfall ha eit lys der.

Apropos lys, eg hugsar då eg var lita jente og var på besøk hos mormor og morfar. Dei bur på Bønes her i Bergen og frå kjøkkenvindauga deira er det så mange lys når det er mørkt, det var veldig spanande for ei jente som var oppvokst på landet og eg ønskja meg alltid at då eg vart vaksen, så skulle eg og ha sånn utsikt med mykje bylys, slik som mormor og morfar. Og no har eg jammen meg greid det. Eg vert aldri lei av å kikke på den vakre utsikta vår, og eg synes det er fantastisk at hausten no er her med sine mørke haustkveldar.

 Eit par bilete, eg er ikkje kjent med innstillingane på kamera mitt enda. På tide eg lærar med det no. Men ein får jo ei viss kjensle, sjølv om bilete ikkje målar seg med verkelegheita :)




søndag 23. september 2012

SO FAR SO GOOD

Då var det allereie sundag, vekene går fort og imorgon er det faktisk ei heil veke sidan me kom heim frå Kypros.

På fredag var me på ordinær ultralyd for å sjå om alt stod bra til med den vetle, og det gjorde det. Heldigvis. Eg har vore litt bekymra dei siste vekene (heilt utan grunn) og synes det er lang tid mellom kvar kontroll, men jordmor sa at alt var heilt perfekt. Eg er igrunn einig i det, at den vetle er heilt perfekt og eg greier ikkje slutte å kikke på dei nye bileta me fekk, det var nemleg mange denne gongen. Ifølge jordmor var eg og to dagar lenger på veg enn eg trudde, så då er terminen min flytta til 20. februar, spennande.

Det som og var litt morosamt var at den vetle låg mer armen bakom hovudet, akkurat som eg gjorde då eg var inne i magen til mi mor. Eg låg slik i fleire månadar etter eg vart fødd og, så det blir spanande å sjå om babyen framleis ligg sånn neste gong me kikkar på den. Og så laga den litt trøbbel for jordmor ved å legge hovudet så langt bak den greide, akkurat sånn som pappsen ligg når han søv, slik at ho måtte jobbe lenge med å måle omkrinsen. Mon tru om det er tilfeldig eller om den slektar på oss allereie. Fasinerande var det iallfall, og veldig kjekt.

Og for dei som skulle lure så veit me ikkje enda om det blir gut eller jente, det vil me vente med. Men jordmor kunne iallfall sjå, så den einaste som veit det så langt er altså ho :)


Får vel slenge med eit bilete av "magen" då :) Her er eg 18+6, nærmar meg halvvegs med andre ord!

onsdag 19. september 2012

FERDIG!!!

Tenk, at no er badet vårt heilt ferdig! Det kjennes bare så fantastisk ut, og me er så himla nøgde. Medan me var på Kypros så var nemleg Jørs her og satte på plass døra til dusjen vår, og det var ikkje ein dag for tidleg kan ein sei. Den skulle jo eigentleg vore på plass for ein månad sidan, men me klagar ikkje, me er altfor glade til det.

Me hadde ikkje eingong tid til å ta med oss bagasjen inn frå bilen då me kom fra Flesland på mandag, me måtte berre springe rett opp for å sjå korleis det var blitt. Så no ventar me berre på rekninga, det skal bli godt når me er ferdig med den og :)

Det einaste problemet no er ei keisam lukt som har oppstått der oppe, det er noko med røyra, men me veit ikkje heilt kva. Ein teori er at me har vifta gåande heile tida, kanskje det tørkar ut røyra? Me har spurt fagfolket om dei har nokon idè om kva det kan vera, og om det er noko dei isåfall ville fikse, så det ordnar seg nok!

Her kjem litt bilete!












tirsdag 18. september 2012

HEIME IGJEN

Borte bra, men heime best heiter det, og det er nok noko sanning i det. Me har hatt ein kjempetur, absolutt. Sola har stått på skyfri himmel kvar dag og havet har vore spegelblankt, i tillegg har me hatt mykje godt selskap.

Litt bortskjemde har me og blitt med kaffi servert på døra kvar morgon og når me kom ned til stranda stod det kvarvår solseng med hankleda våre på under ein parasoll ferdig betalt. Luksus i kvardagen.

Kveldane har stort sett gått med til gode middagar etterfulgt av kortspel. Me plar ha ei turnering i "Chinese", som er ein form for poker, kvar gong me er på ferie. Eg skal ikkje gå innpå kven som vann denne gongen, men det var iallfall ikkje Thomas (knis).

Likevel er det alltid godt å komme heim att og, så glade som me er i huset vårt er det vanskeleg å vera vekke ei heil veke frå det. Kjekt å vera tilbake på jobb og, heldig er eg som har ein jobb eg likar!

Eg sleng med nokre bilete frå turen vår, imorgon kjem oppdatering frå badet så stay tuned!

Guten kosar seg i skyggen!

Me budde i ei slik blokk.

Med utsikt mot havet...

Familien Ådnanes/Ødegård på tur :P

Vakkert er det der nede!

På veg til stranda, omlag fem minutter frå hotellet.

Nydeleg sjø!

Nøgd jente! :)

søndag 9. september 2012

GLASUNDAG

Idag er ein av dei gode sundagane, der ein ikkje treng tenkje på den kommande arbeidsveka, rett og slett fordi ein ikkje skal på jobb. Eg har vore på Stord i helga, og det er alltid så godt å kome heim til den herlege mannen min etter ei helg vekke, og tanken på ei nydeleg veke saman i syden er heller ikkje feil.

Helga heime på Stord har vore veldig bra, eg har fått sett mykje til vener som eg ikkje ser så ofte, og hatt litt kvalitetstid med pusekatten i Kleivane. Det er litt godt og på ein måte vera heilt aleine av og til fordi då sett eg så stor pris på alt det fine eg har i livet mitt, og eg kjenner meg veldig heldig :) Det var nemleg ikkje nokon andre enn pusen heime i Kleivane denne helga, og det var difor eg tok turen heim, for å halde han litt med selskap.

No er det omlag 15 timar til flyet skal ta av ifrå Flesland, eg kan ikkje skryte på meg at eg gler meg til flyturen, for eg er ikkje glad i å fly. Men det er liksom verdt det når ein kjem ned til paradis. Eg har ikkje grua meg så mykje som eg plar gjera før denne turen, men det kan vera fordi eg ikkje skal reise aleine denne gongen, i tillegg så har eg prøvd å tenkje positive tankar om det sidan me bestilte. Det går nok fint!

Så no er det siste rest av pakking som gjenstår, eg er så og seie ferdig med min koffert, men kjenner eg Thomas rett har ikkje han byrja enda ;) Så skal eg vaske å rydde litt på badet og sånn, for på tirsdag kjem nemleg endeleg baderomsfolka å gjer seg ferdig. Den etterlengta dusjdøra kjem endeleg på plass, og me kan få avslutte baderomsprosjektet både praktisk og ikkje minst økonomisk.

Ellers så var det faktisk litt sol her i Bergen idag, så Thomas nytta høve til å gå ut å fikse opp gryta med har planta i. Den trong ein runde med rustbeis eller kva det er. Resultatet vart veldig bra.



Før


Etter




tirsdag 4. september 2012

REISESJUK

Idag er det tysdag, og om seks dagar reiser me til syden. Det kjennes som tida står heilt stille, dei siste dagane har eg vore sjuk og idag måtte eg vera heime frå jobb og, tida går ikkje akkurat fortare av det. Som me gler oss. Me har faktisk ikkje vore på ferie i utlandet saman sidan 2009, og det var den klart beste ferien eg har vore på. Det er ingen tvil om at me har ei bra veke foran oss for me funkar bra saman på ferie, me to. I tillegg så er jo mamma og pappa der, saman med resten av Kypros-gjengen :)

Idag har det ikkje skjedd så mykje spanande, då eg som sagt er sjuk. Stod opp klokka tre etter å ha kikka på TV i senga og fulgt nyhende på dataen i nokre timar. Det er heilt forferdeleg at dei fann Sigrid på denne måten, men me hadde vel alle gitt opp håpet om at ho skulle bli funne i live og eg er glad for at saka iallfall får ei avslutning. Me fulgte nyhendene på TV tett fram til den endelege bekreftelsen kom frå polititet.

På kvelden tok me oss ein liten tur ut på Barnas Hus på Nordås, berre for å lufte oss litt. Det kjennes veldig rart å gå og kikke på babyutstyr, me har jo ikkje tenkt å handle noko enda, men det er greit å kartlegge litt kva me treng og sånn. Eg tenker eg må byrje på ei liste snart, for det ballar stadig på seg, idag kom me på enda fleire ting som me treng/har lyst på når me gjekk å kikka, sånn er det vel. Me vil jo at den vetle vennen i verden skal få det så fint som tenkast kan når han/ho kjem til <3






Eg gler meg til å bade her!!!!
Til å kunne gå rundt i sommerkler å ikkje fryse.
Fordi dette er så varmt det er :D (Riktig nok veka FØR me kjem) :)

søndag 2. september 2012

OM EI VEKE

Om ei veke er det ferie igjen, denne gongen går ferda mot Kypros. Gjett om me gler oss!!! Idag byrja eg såvidt å pakke litt, i helga som kjem skal eg nemleg til Stord å vera kattevakt, og eg veit av erfaring at vekedagane går fort, så det er like greit å berre gå igong. Så idag har Thomas sett på medan eg prøvde alle kjolane mine, hehe, med den stadig voksande magen er det ikkje alt som passar lenger, men eg fann nokre plagg eg kunne pakke med, heldigvis. Eg hadde forutsett at det kom til å bli noko smalt med kjoleutvalet i år, så eg tok ein liten tur innom "mamma-avdelingen" på H&M på fredag, og der fann eg ein veldig fin kjole og, så eg iallfall skulle ha ein.

Ellers har dagen idag gått med til å rydde ferdig soverommet vårt. Eg starta prosjektet igår og må sei eg er veldig nøgd med eigeninnsatsen. Det er jo ingen hemmelegheit at me jenter har eindel klede, og eg innsåg for ei stund sidan at kanskje seksti prosent av kleda mine ikkje passar lenger. Eg er faktisk ikkje lenger ein storleik 34, gravid eller ikkje gravid, det må ein berre innsjå. Så no har eg pakka vekk ALT av klede eg ikkje brukar/kjem inn i og har supergod plass til å kjøpe mykje nytt framover. Hurra! I tillegg har eg fått rydda i ein del andre ting som har stått på soverommet og no er det så ryddig og reint.

Thomas har nytta dagen til å rydde i boden, det trongs og nemleg. Det har blitt sånn at me berre sett ting inn der etterkvart og til slutt så er det ikkje orden i noko som helst. No er det system i rotet, framfor rot i systemet, og det kan me like.

No er det litt fotball på tv-skjermen før me skal sjå ein episode eller to av Argasnickaren (den svenske versjonen av Sinnasnekkaren) som me har vorte ein smule hekta på den siste tida. Det er viktig å lære av andre sine feil :)

Fint og ryddig soverom!

Utsikt fra senga :)

TV på soverommet er viktig! Bak TVen har me "kleshjørne". Ein dag skal me bygga vegg her å lage skikkeleg "walkincloset" :)


Her er det plass til ei lita seng i februar :P
Den vakre utsikta frå soverommet.